bLEST 2022 er historie, og det er tid for å rydde, fordøye og evaluere.
Den korte konklusjonen er: Dette blei bra!
Og me har lyst å takke så mange: Forfattarar som hadde lyst å besøke oss, frivillige som bruker av fritida si, tilsette på kulturhuset, samarbeidspartnerar i lag og foreiningar, skule og barnehage, og mest av alt: Alle dei som kjøper billettar og blir med som publikum. Mange ledd i ei lang lenke som tilsaman skapar ein sterk og god festival som me trur er til inspirasjon, opplysing og glede. Takk for engasjement, ros, ris og gode tilbakemeldingar som varmer og gjer denne jobben ekstra kjekk. Og viss du lurer: Det blir bLEST neste år òg,- merk av siste del av veke 45 i kalenderen,- og tips oss gjerne undervegs dit!
Takk for i år!
Takk for i år! - bLEST Litteraturfest 2022
Publisert
24. november 2022