Program

HER kan du laste ned programmet!

 

Søndag 24.oktober Tonganes fyr, Nedstrand: 
Fyret og fjorden. Tekst og bilete. Open utstilling i fyrhuset.

 

Onsdag 27.oktober kl 18.00 Tysværtunet, Biblioteket:
Litterært Pusterom med Gaute Sortland. Me les ei av hans noveller og går saman gjennom tankane den skaper. Det litterære pusterommet blir leia av Wenche Scheit, leseleiar i Shared reading-metoden.

 

Torsdag 28.oktober kl 11.30 Tysværtunet, Nygaardsalen: 
Tekst og te- ein litterær lunsjdrøs om stort & smått. Agnes Ravatn i samtale med Ingvild Rørtveit Myklebust frå Tysvær Bygdeblad. Samarbeid med Tysvær Bygdeblad.

Torsdag 28.oktober kl 16.30 Tysværtunet, Nygaardsalen: 
Skrivegruppa for eldre lanserer si nye bok. Opplesing av tekstane v/ Anne Kjersti Aarhus mfl.

Torsdag 28.oktober kl 18.00 Tysværtunet, Galleriet: 
Opning av festivalen ved ordførar Sigmund Lier. Opning av kunstutstilling: Festivalutstillar er tekstilkunstnar Tine Nygård. Medarr: Tysvær Kunstlag.

Torsdag 28.oktober kl 18.45 Tysværtunet, Nygaardsalen: 
Simon Stranger om sin nye roman 304 dager, om krig og venskap, kjærleik og familie. Om kampen for å koma seg gjennom eit krigs- traume, og prøve å overleve freden. Stranger kjem også inn på boka Leksikon om lys og mørke. Foredrag med musikk og bilete.

Torsdag 28.oktober kl 20.00 Tysværtunet, Storsalen: 
Eggum i 70! Bokbad og konsert med Geir Rakvaag og Jan Eggum. Eggum sine memoarer er ført i pennen av Rakvaag som er ein av Norges mest anerkjente musikkjournalistar. Det blir både samtale og musikalske smakebitar frå ein lang og innhaldsrik karriere.

Torsdag 28.oktober kl 19.00 Husflidshuset, Grinde: 
Kreativ-bLEST: Møt tekstilkunstnar Tine Nygård som er bLEST sin festivalutstillar. Foredrag og deling av idear, tankar og teknikker, slik at du kan gå heim og prøve på spennande prosjekt sjølv. Samarbeid med Tysvær Husflidslag.

 

Fredag 29.oktober kl 11.00 Sosialsenteret, Nedstrand: 
Kåseri med Gunnar Roalkvam. Eit nært møte med den populære og folkekjære diktaren med Nedstrand i hjerta. Kanskje bygda der han bruker så mykje tid har vore til inspirasjon når han skriv sine lune dikt og viser?

Fredag 29.oktober kl 11.30 Tysværtunet, Litlesalen: 
Tett på multikunstnaren Einar Økland. Visning av filmen Einars veg. Etter filmen samtalar Marit Tvedt frå Tysvær Bygdeblad med Einar. Samarbeid med Tysvær Bygdeblad.

Fredag 29.oktober kl 17.00 Tysværtunet, Litlesalen: 
Anders Totland: Vindmøllekampen. Historien om eit folkeopprør. Kva er det som får menneske til å reise seg og kjempe for det ein har kjært? Forfattaren i samtale med Synnøve Bjelland, Tysvær Mållag.

Fredag 29.oktober kl 18.15 Tysværtunet, Nygaardsalen: 
Opplev meir v/ historieforteljar Liv Gulbrandsen. Førsnakk som oppvarming til Riksteateret si forestilling Don Quijote. Liv gir publikum ei kort og humoristisk innføring i verdenslitteraturens mest kjente bok.

Fredag 29.oktober kl 19.00 Tysværtunet, Storsalen: 
Riksteateret Don Quijote. Komedie og filosofi om kvarandre! Underhaldande teater om radarparet Don Quijote og Sancho Panza, -den eine ser det han trur på, medan den andre berre trur på det han ser.

Fredag 29.oktober kl 20.00 Avanti, Frakkagjerd: 
Halloween-party! Premie for beste kostyme! Aldersgrense 13-18 år. Rusfritt arrangment.

 

Lørdag 30.oktober: Arne Torget er konferansier og leier og loser publikum gjennom programmet heile dagen! 

Lørdag 30.oktober kl 09.30 Tysværtunet, Storsalen: 
Vingespenn 2021. Lansering med foredrag av ulike artikkelforfattarar. I år også med musikk! Samarbeid Tysvær historielag og Nedstrand museums- og historielag.

Lørdag 30.oktober kl 11.00 Tysværtunet, Storsalen: 
Kongen forteller v/Harald Stanghelle. Om forandringane som har skjedd gjennom Harald V sine år som prins, kronprins og konge. Stanghelle samtaler med Marianne Losnegård.

Lørdag 30.oktober kl 12.15 Tysværtunet, Storsalen: 
Unn Falkeid: Den hellige Birgitta - enken som utfordret Europa. Birgitta (1303-1373) var ei av dei tydelegaste stemmene i Europa i si tid og sette både kongar og pavar på plass.

Lørdag 30.oktober kl 13.30 Tysværtunet, Storsalen: 
Pengesnakk! Økonomiforedrag for folk flest ved Lise Vermelid Kristoffersen. Mange kjenner Lise frå blogg, insta og podcast. Her gir ho deg motivasjon og sparetips live!

Lørdag 30.oktober kl 14.30 Tysværtunet, Storsalen: 
Halvor Folgerø: Vestlandvegar. Foredrag om de mest spektakulære vegstrekningane våre. Ei av dei mest dramatiske historiene i boka handlar om Elisabeth frå Sveio,- ho deltek og!

Lørdag 30.oktober kl 15.45 Tysværtunet, Storsalen: 
Skjønt det mørkt så ut. Ken André Ottesen fra BAdesKen i samtale med Alf Einar Kvalavåg frå Tysvær Bygdeblad. Aldri er det viktigare å le enn i tunge tider! Me lovar høg humorfaktor!

Lørdag 30.oktober kl 17.00 Tysværtunet, Storsalen: 
Harry Hole Oppsummert! Humorshow v/ Liv Guldbransen. der publikum blir kjende med heilt nye og overraskande sider av nasjonalhelten Harry Hole. Jo Nesbø sitt forfatterskap er langt – her får du ei humørfylt oppsummering på 60 minutt!

Sideprogram

Lørdag 30.oktober
Slektsforskerdagen v/Slekt og Data Haugaland

kl. 10.00-16.00: Slektskafé, Kunstgarasjen
kl. 13.30-14.30: Korleis komme i gong med slektsforsking ved Thor Håkon Nordahl, Bestestova.
kl. 15.00: DNA i slektsforskning ved Sigmund Steinsbø, Bestestova

 

Søndag 31.oktober kl 11.30 Tysværtunet, Storsalen: 
BarnebLEST i Tysværtunet for heile familien: ”Hva er et menneske?” Historie på ein morosam og underhaldande måte.
DEL 1: Famileforedrag ved arkeolog Vibeke Marie Viestad og flintsmed Morten Kutschera. Frå 6 år.

Søndag 31.oktober kl 12.30 Tysværtunet, Frøylandsalen: 
DEL 2: Flintverkstad med Morten Kutschera og Theodor Lothe Bruun. Prøv sjølv det du høyrte om i foredraget!
Her kan du lære å lage reiskaper av flintstein slik dei gjorde det i steinalderen. Frå 6 år.

Søndag 31.oktober kl 12.00  + kl 13.30 Slåttevik kai
Velkommen ombord i EPOS, Det flytande litteraturhuset. Foredrag ombord v / Marit Tvedt, omvisning i den gamle land- handelen som har vore 170 år i samme familie og vandring i bygdemiljøet v/ Atle Heskja. Forteljarprogram for barn v/Tove Selås- også det med fokus på lokale sagn og historier.

Søndag 31. oktober kl 16.00 Tysværtunet, Storsalen: 
LokalbLEST. Fokus på lokalhistoriske utgivelsar på Haugalandet. Samarbeid Tysvær historielag og Haugesund historielag. Programmet vert leia og knytta saman av Sigmund Hansen. 

Søndag 31.oktober kl 19.00 Nedstrand kyrkje: 
Tania Michelet: Min egen vei – fra Mao til Gud. Ei gripande livshistorie i spenninga mellom eit radikalt oppvekstmiljø og ein sterk religiøs lengsel. Samarbeid Nedstrand kyrkjeforum.

Søndag 31.oktober kl 19.00 Tysværtunet, Storsalen: 
Dantes inferno. Festivalavslutning med Munor, saxofonist Rolf Erik Nystrøm og forfattar Kristin Flood. Opplev dette berømte italiensek verket på rim på norsk og italiensk, tett fulgt av beskrivande, italiensk musikk.

 

Måndag 1.november kl 18.00: Hinderåvåg kai, Nedstrand: 
Krim & kringle! Dagen-derpå-bLEST ombord i EPOS, Det flytande litteraturhuset. Nært møte med våre lokale krimforfattarar Agnes Matre og Geir Tangen som fortel om seg sjølv og les frå sine ferskaste bøker.


Det må tas ut billettar til ALLE arrangement, også dei som er gratis. Kjøp her eller på biblioteket!

  

I skulane og barnehagane i Tysvær skjer det og mykje under bLEST. Simon Stranger, Malin Hellebø, Lise Vermelid Kristoffersen og Truls Horvei reiser rundt og besøker barne- og ungdomsskulene. I tillegg skal den australske barnebokforfattaren Andy Griffiths møte elevar frå Nedstrand gjennom eit digitalt barnebokbad på engelsk.

Barnehagane har fellesprosjekt kring Siri Abrahamsen sine Gleding- bøker om Lykke og Wilmer. Dei lager flotte utstillingar rundt i kommunen om tema livsmestring, nestekjærleik og empati.